Comments are off for this post

Anmeldelse av Viva sine adventskonserter 2018

Sandnesposten skrev følgende flotte anmeldelse av Viva sine adventkonserter:

Bra-VIVA-vissimo!

Viva smelte til med tre flotte konsertar i helga.

KONSERT: Sandnes kulturskoles ungdomskor Viva har ikkje kvilt på laurbæra trass i eit travelt år med 50-årsfeiring. I helga inviterte koret til to oppføringar i Sandnes og ei i Stavanger av «Young People’s Messiah», ei mindre kjent utgåve av Georg Friedrich Händels «Messiah».

Sistnemnde kjenner dei fleste som eit mektig musikkstykke, også kalla oratorium, med tekstar frå Bibelen framført av orkester, kor og songsolistar. Viva sin versjon av «Young People’s Messiah» er laust basert på ein gospel-variant frå 1982, men no arrangert av avdøde Colin Hand, dirigent og musikarar.

Viva hadde valt å frigjere seg frå den typisk klassiske måten å framføre verket på ved å la songarane synge på ein meir naturleg måte og ved å ta i bruk moderne instrument som piano, keyboard, el-gitar og el-bass. Kven veit, kanskje hadde kosmopolitten Händel gladeleg nytta seg av eit slikt instrumentarium om han berre hadde fått sjansen.

Viva er i dag ei gruppe på oppunder 40 jenter i alderen 12-18 år. Songglede og kvalitet, konstruktiv disiplin og det å ta vare på kvarandre har vore og er framleis viktig for koret og dirigenten gjennom snart 45 år, Liv Hugstmyr Særheim. Ei slik investering har over tid gitt Sandnes eit ungdomskor i verdsklasse som stadig hentar heim prisar og lovord frå det store utland. Koret har samtidig fostra ei lang rekke dyktige amatørar og profesjonelle songarar. Tre av desse – Ine Seldal, Elise Sviland og Jon Torger Salte – var hyra inn som solistar til «Young People’s Messiah». I tillegg song to av dagens kormedlemmar, Ingvild Helland og Mathea L. Eie, solo på ein av satsane. Alle leverte prestasjonar som sette seg i ryggmargen og som med lukka auge kunne risikere å gi tilhøyraren eit glimt av både Messias og Paradis. I Sandnes kirke blei òg teikningar av kormedlemmar viste på lerret medan musikken gav gjenlyd i kyrkjeveggane.

 

For kjennarar av den musikalske barokk-epoken som Händel tilhøyrde (ca. 1600-1750) serverte helgas moderniserte versjon likevel mange gjenkjennelege og lyttarvenlege strofer. Koret framførde som vanleg heile konserten utenat, ein imponerande prestasjon i seg sjølv. Innimellom resiterte kormedlemmar dei aktuelle tekstane frå Bibelen medan det åtte mann store orkesteret akkompagnerte smakfullt og sikkert og med eit rytmisk driv som først blei vanleg 300 år etter Händel. Det er liten tvil om at komponisten sjølv ville vorte begeistra over Viva sin versjon av livsverket hans. Konserten blei runda av med satsen dei aller fleste har eit høve til, «Hallelujah», dandert med sikkert trompetspel av Øyvind Lapin Larsen.

Kveldens bonus fekk vi høyre midtvegs i dei tre konsertane; ein gjesteopptreden av Sandnes kulturskoles juniorkor dirigert av Ella-Karin Snobl i Hetland kirke laurdag og ditto barnekor dirigert av Randi Tveit Egeland i Sandnes kirke søndag. Saman viser desse at Sandnes også i framtida vil fostre mange dyktige songarar til sal og scene. Publikum kvitterte med to fulle hus og ståande applaus etter framføringane i Sandnes medan stavangerversjonen ‘berre’ blei besøkt av oppunder 100 publikummarar.

Meldar: Tore O. Koppang

 

Comments are closed.